Avklaring om Volda-ordførar

Har kalla inn til pressekonferanse klokka 1400

Sølvi Dimmen vert etter alt å dømme ny ordførar i Volda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det er truleg avklart kven som vert ny ordførar i Volda. Partia som har forhandla har kalla inn til pressekonferanse klokka 14.00.

Dersom ein avtale vert presentert på pressekonferansen betyr det at Sølvi Dimmen, Senterpartiet, vert ordførar. Etter det Møre-Nytt har grunn til å tru vert Sverre Leivdal frå Arbeidarpartiet varaordførar i ei 40 prosent stilling.

Senterpartiet, Arbeidarpartiet , Miljøpartiet Dei Grøne og SV har 16 av 33 representantar i Volda kommunestyre. Dersom dei får til eit valteknisk samarbeid med Raudt er konstellasjonen sikra fleirtal.

– Vi snakkar veldig godt saman, sa Sølvi Dimmen etter forhandlingane onsdag.

Høgre har sondert for å få Arbeidarpartiet med i eit samarbeid, men har , etter det Møre-Nytt får opplyst, ikkje nådd fram.