Dimmen blir ny ordførar?

- Vi snakkar veldig godt saman

Framgang i forhandlingane som kan sikre Sp-ordførar i Volda.
Nyheiter

Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti i Volda hadde eit nytt forhandlingsmøte om samarbeid onsdag ettermiddag. Partane er samde om å møtast att torsdag. Mykje tyder på at det går mot ei endeleg avklaring om eit raud-grønt smarbeid.

- Vi har hatt møte i dag, og skal halde fram i morgon. Eg trur de får vite noko då, seier Sølvi Dimmen, som kjem til å verte ordførar om dei fire partia vert samde om å samarbeide.

Det ligg i korta at Sverre Leivdal (Ap) vert varaordførar.

- Har det vore framgang i forhandlingane onsdag?

- Vi snakkar veldig godt saman, svarer Dimmen.

Raudt, som fekk inn eit mandat i kommunestyret, kan vere ein femte samarbeidspartnar. I følge Sverre Leivdal i Arbeidarpartiet har Raudt ikkje deltatt i forhandlingane om samarbeid.

- Men det kan kome på tale med eit valteknisk samarbeid med Raudt, seier Leivdal.

Med si eine stemme er Raudt på vippen i Volda kommunestyre, og gir den raud-grøne koalisjonen ei stemme overvekt.