Klart for ny storhelg på Urke

Det er klart for ei ny storhelg på Urke. Laurdag vert Urke Challenge, Saksaløpet, halde for tredje gong.

Urke Challenge: Tore Lindbæk, Jens Arve Forbord, Svein Urke og Line Wiik Berknes frå Sparebanken Møre ser fram til Urke Challenge komande laurdag.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Vi gler oss. Folk er glade for at det skjer noko på Urke, og det er ikkje vanskeleg å få folk til å stille på dugnad, seier Svein Urke og Jens Arve Forbord i Saksa Turstiforeining.

Det skal vere aktivitetar frå morgon til kveld på Urke. I tillegg til sjølve Saksaløpet, er det rundt Urke kaihus aktivitetane er.

Sjølve løpet startar frå kl. 09.00. Då kan dei som er med i turklassa starte frå Urke kaihus.

– Dei som er med i turklassa, startar når dei vil, men må gjere det innan kl. 11.30, fortel Svein Urke.

Konkurranseklassa startar kl. 12.00. Der er det førehandspåmelding.

– Men vi tek i mot påmelding heilt til starttidspunktet, fortel Forbord.

Han håper på god deltaking.

– Vi heiar sjølvsagt på vår lokale storløpar, Andreas Skylstad, og er spente på om det kjem deltakarar som vil utfordre han. I fjor kom det sterke sveitsiske løparar, fortel Forbord.

Saksaløpet har start ved kaihuset, og målgang rett under toppen på Saksa. Målgang er ved 1.022 høgdemeter.

Under løpet vert det speakerteneste ved Urke kaihus, og folk vil verte orientert om utviklinga. Det skal takast fleire mellomtider.

Dei som kjem med ferje frå Sæbø, får tilbod om skyss frå Leknes. Det står skyss klar kl. 09.00 og kl. 10.45.

Men Urke Challenge er mykje meir enn Saksaløpet. Ved Urke kaihus skal det vere eit yrande folkeliv.

– Fleire verksemder vil ha stand. Det vert tilbod om massasje før og etter løpet, og Hotell Ivar Aasen kjem med eigne kokkar. Grendelaget på Urke stiller med brennsnut, og sjølvsagt kaker og kaffi.

– Etter løpet vert det premieutdeling og ymse underhaldning. Og alt dette skjer samstundes med at hurtigruteturistar er i bygda, fortel Urke og Forbord.

Urke kaihus har ope, og det vert underhaldning ved trubadur Ståle Dimmen om kvelden.

– Og folk skal ikkje frykte å verte våte. Vi har telt og presenning som dekkjer heile området, fortel Tore Lindbæk.

Sparebanken Møre er hovudsponsor for Urke Challenge, og medverkar med 70.000 kroner.

– Vi er imponerte over dugnadsinnsatsen på Urke, og det medverkar til at vi støttar dette arrangementet, seier banksjef Line Wiik Berknes.