Volda-målvakt på landslaget

På samling: Bintou Cissokho Bjørkedal skal på samling med U-jentene.   Foto: Ove Krumsvik

Nyheiter

Bintou Cissokho Bjørkedal er teken ut til landslagssamling med U-jentene (LK02).

23.- til 29. september skal U-jentene ha landslagssamling i Larvik. Ein tropp på 24 spelarar, i tillegg til fem reservar er teken ut. Blant desse er Bintou Cissokho Bjørkedal frå Volda. Dette er det første uttaket til den unge målvakta frå Volda.

Det er tidlegare landslagskaptein Tonje Larsen som er trenar for U-jentene. I trenarteamet har ho og med Lene Rantala som målvaktstrenar. Den tidlegare danske landslagsmålvakta er ein av dei mestvinnande handballspelarane i verda, og ho har også vore trenar for Larvik.