Spennande om sistemandatet i Ørsta

Det er knytt spenning om sistemandatet i det nye Ørsta kommunestyre. Det står mellom Ap og SV.

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Etter at 99,8 prosent av røystene i Ørsta er talde opp, viser resultatet at Ap får fire mandat og at SV får to.

SV manglar tolv røyster på å ta sistemandatet frå Arbeidarpartiet.

I overkant av femti førehandsrøyster er lagt til sides og ikkje talt opp. Desse skal eventuelt miksast saman med seint innkomne førehandsrøyster frå andre kommunar. Posten har frist til kl. 17.00 tysdag med å levere desse røystene, og då vert siste rest talde opp.

Dette kan endre mandatfordelinga, men er lite sannsynleg, då Ap hadde vesentleg fleire røyster blant førehandsrøystene enn SV.

Likevel, det er endå eit moment som kan andre mandatforedlinga, og det er personrøystene.

Viss SV-kandidatar har fått mange slengjarar. Det vil seie at namna på kandidatane er ført opp på andre parti sine lister, kan det også gje ein gevinst på listerøystene.

Viss dette skal gje ein fordel for SV, må det vere vesentleg fleire slengjarar til SV-kandidatar enn Ap-kandidatar.