Sp manglar eitt mandat på reint fleirtal

Senterpartiet kjem inn med seksten mandat i det nye kommunestyret. Det er eitt mandat frå reint fleirtal.

Sp-jubel i Ørsta.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Oppteljinga i Ørsta er ferdig, og viser at Senterpartiet har gjort eit brakval. Partiet får 48,3 prosent av røystene, og altså seksten mandat.

Valresultatet viiser st ore endringar i det komande kommunestyret.

Sp får 16 mandat (+8), Frp fem mandat (0), Ap 4 (-1), Høgre 3 (-4), SV 2 (+1), KrF 1 (-3), MDG 1 (0) og Venstre 1 (-1).

Røystetala fordelte seg slik:

Sp 48,3 prosent.

Frp 14,6,

Ap 10,5

Høgre 8,8

SV 7,4

KrF 4,2

MDG 3,2

Venstre 2,9

Før finteljinga, er det Ap som har sistemandatet, medan SV kan vinne eitt.

Frammøteprosenten er 63,4.