Kommunestyrevalet

Sentrum berga sentrum

Før tala frå Sentrum krins i Ørsta var klar, låg Venstre an til å falle ut av kommunestyret i Ørsta, og KrF var i risikosona. Men sentrum berga det eine mandatet til begge partia.
Nyheiter

Det vart ei svært spennande valnatt i Ørsta. Tidleg vart det klart at Senterpartiet ville gjere eit brakval. Faktisk låg partiet an til reint fleirtal etter at førehandsrøystene og krinsane Dalane, Vartdal, Sæbø og Hovden var talde.

Men alle visste at sentrumskrinsen ville vere avgjerande, med nær halvparten av røystene i kommunestyrevalet.

I sentrum fekk Senterpartiet 46,3 prosent av røystene, og partiet kom inn med 16 mandat, eitt for lite til reint fleirtal.

Framstegspartiet låg lenge an til å vinne eitt Mandat. Men i sentrum gjorde partiet det dårlegare enn på bygdene, og partiet gjekk ut med like mandat som i dag, fem.

Størst var spenninga likevel for KrF og særleg Venstre. KrF sikra eitt mandat med 5,2 prosent av røystene i sentrum.

Aller verst såg det ut for Venstre. Etter at førehandsrøystene og bygdekrinsane var talde, var partiet ute av kommunestyret i Ørsta. Men 4,6 prosent av røystene i sentrumskrinsen sikra eitt mandat for Noreg sitt eldste parti.

Røystene i sentrum fordelte seg slik: Sp 46,3 prosent, Frp 12,1, Ap 11,0, Høgre 9,7, SV 7,3, KrF 5,2, Venstre 4,6 og MDG 3,9.