- Sørheim (Sp) vert fylkesordførar

Kristin Sørheim frå Senterpartiet vert etter alt å døme ny fylkesordførar.

Kristin Sørheim (i midten) vert ny fylkesordførar. Her under ei samling tidlegare i år.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Nettstaden nett.no melder tysdag føremiddag at Kristin Sørheim vert fylkesordførar.

Sørheim for Anders Riise (H) med seg som fylkesvaraordførar.

Nett.no si kjelde er Riise.

Det er partia Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre som skal samarbeide. Deisse partia har ikkje fleirtal, og må ha eit valteknisk samarbeid med andre parti for å kunne danne eit fleirtal ved konstitueringa.