Fylkestingsvalet:

Lied og Myklebust truleg inne

Hans-Olav Myklebust får selskap av Per Ivar Lied som fylkestingsrepresentant frå Ørsta. Det synest klart etter fylkestingsvalet.

Fylkestingskandidatar: Dei står ei breiside frå kvarandre politisk, men i fylkestinget handlar det om tett samarbeid for Hans Olav Myklebust (t.v.) (Frp) og Per Ivar Lied (Senterpartiet).  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Arbeidarpartiet og Senterpartiet får ni mandat kvar i det nye fylkestinget, medan Frp får 8, Høgre 7, KrF 3, MDG 2, Nordmørslista 2, SV 2, Pensjonistpartiet 1, Raud 1, Tverrpolitisk liste for Sunnmøre 1, Uavhengig valliste for Sunnmøre 1 og Venstre 1.

Myklebust, som representerer Frp, er nummer seks på lista, og skal ha eit sikkert mandat i fylkestinget. Det same gjeld Lied, som har sjetteplassen på Sp-lista.

Personvalet er ikkje endeleg klart, men det er sjeldan det vert store endringar på rekkjefølgja blant dei nominerte.

I Ørsta fekk Senterpartiet 37,9 prosent av røystene til fylkestingsvalet. Frp fekk 19,1 prosent, Ap 11,6, Høgre 8,6, SV 6,6, KrF 4,4, MDG 3,7, Venstre 2,3, Pensjonistpartiet 2,2, Tverrpolitisk liste for Sunnmøre 1,0, Dei kristne 0,7, Raudt 0,7, Uavhengig valliste for Sunnmøre, 0,6, Helsepartiet 0,4, Demokratane 0,2 og Liberalistane 0,2. Nordmørslista fekk ikkje røyster i Ørsta.

I Volda var også Senterpartiet størst med 23,5 prosent av røystene, medan Ap fekk 14 prosent. Vidare fekk Frp 14,0, Høgre 11,4, KrF 9,8, SV 8,0, MDG 6,8, Venstre 2,9, Uavhengig valliste for Sunnmøre 2,3, Raudt 2,0, Dei Kristne 1,8, Pensjonistpartiet 1,5, Tverrpolitisk liste for Sunnmøre 0,9, Helsepartiet 0,5, Nordmørslista 0,3, Demokratane 0,2 og Liberalistane 0,1.