Folkestad vann Folkestad

Ingen tvil: Odd. A Folkestad er profet i eiga bygd

Like store: Odd A. Folkestad, Voldalista (t.v) er nøgd med valet. Arild Iversen (KrF) er det ikkje.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Toppkandidaten på Voldalista fekk 42,7 prosent av stemmene i Folkestad krins.

– Vi har gjort eit godt val, konstaterer Odd. A. Folkestad, som braut ut av Framstegspartiet og skipa Voldalista.

Voldalista ser ut til å få tre mandat i kommunestyret i Volda.

– Det er like mange som KrF, slår Odd A. Folkestad fast.

Også Venstre sin ordførarkandidat, Hallvard Bjørneset, kjem frå Folkestad. Han er nærmaste nabo med Odd A. Folkestad. Venstre fekk 13 prosent av stemmene i Folkestad krins, så Folkestad vann naboduellen med kalassiffer.

Voldalista gjorde det og godt i Dalsfjord,med 37,3 prosent av stemmene, medan det vart skarve  3,7 prosent i den store sentrumskrinsen Øyra.

Utbrytarane frå Frp, alle med adresse på vestsida,  vart dermed valvinnarar, medan deira gamle parti , Frp, sit ganske ribba tilbake med to mandat i Volda.