Drama: Ap får fylkesordføraren

Det har vore eit politisk drama mest utan sidestykke i fylkespolitikken siste døgeret. No får Ap fylkesordføraren.

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I ei pressemelding frå Arbeidarpartiet går det fram at partiet får både fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren. Fylkesordførar vert Tove-Lise Torve.

Dette skjer gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Frp, Sunnmørslista, Uavhengig valliste for Sunnmøre, MDG, Penjonistpartiet og Nordmørslista.

– Arbeidarpartiet så seg nøydde til å sjå etter andre alternativ då Senterpartiet valde å ekskludere Arbeidarpartiet frå forhandlingane, heiter det i pressemeldinga, som er forfatta av valkampmedarbeidar \Jakob Vorren.

I pressemeldinga heiter det at Arbeidarpartiet inviterte den noverande koalisjonen tidleg til forhandlingar.

– Men Senterpartiet valde å samarbeide med H, V og KrF i ein koalisjon utan fleirtal. Arbeidarpartiet har no funne saman med samarbeidspartnarar, og skapt eit fleirtal som sikrar ei hand på rattet i styringa av fylkeskommunen dei komande fire åra, heiter det i pressemeldinga.

Påtroppande fylkesordførar Tove-Lise Torve seier at det viktigaste har vore å sikre gjennomslag for Arbeidarpartiet sin eigen politikk.

– No må vi konsentrere oss om å sikre politisk samarbeid både til venstre og høgre, seier Torve.

Frp reagerte tidlegare tysdag kraftig på at Høgre ved Anders Riise gjekk ut med at Høgre, KrF, Venstre og Sp var samde om ein politisk plattform, og val av Kristin Sørheim som fyleksordførar. Men utan å ha fleirtal bak seg i fylkestinget.

Då varsla Frank Sve i Frp at partiet ville prøve å få til eit valteknisk samarbeid med ein annan koalisjon.