Spennande i Volda

Dimmen eller Lødemel? - framleis uklart

Personstemmene blir viktige for ordførarspørsmålet i Volda

Valvake i Volda.Kven får fleste mandat? Frå venstre Per Maurseth (Ap), Thore Heggen (H), ordførar Jørgen Amdam ,Svein Arnesen ( Ap), Ingrid Opedal (SV), Sverre Leivdal (Ap)   Foto: Svein Aam

Nyheiter

Sølvi Dimmen (Sp) og Stig Olav Lødemel (H) er ordførarkandidatar for dei to valvinnande partia i Volda. Men kven av dei vert ordførar? Tysdag var det framleis uavklart