Høgrevind i Volda

– Er motivert for å bli ordførar

Stig Olav Lødemel og Høgre er valvinnar saman med Senterpartiet.

Stig-Olav Lødemel og Høgre har gjort eit kjempeval i Volda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Slik tala såg ut like etter midnatt hadde Høgre ein framgang på 6,4 prosent i Volda.

– Det betyr at vi er det partiet som går mest fram i Volda, seier ordførarkandidat Stig Olav Lødemel.

Dei førebelse tala etter opptellinga viste 805 stemmer til Senterpartiet (20,9 prosent), og Høgre fekk 779 stemmer (19,3 prosent).

– Det er omtrent ikkje skilnad, seier Lødemel.

Han hadde god kontroll over valresultatet, sidan han var leiar i valnemnda og måtte vere på rådhuset medan dei fleste andre Volda-politikarane var samla på Rokken.

– Trur du at du kan bli den første ordføraren i nye Volda?

– Eg har i alle fall lyst å bli ordførar. Sidan eg i det sivile er sjølvstendig næringsdrivane kan eg ikkje kombinere med å vere varaordførar. Så det er anten ordførar eller ingenting.

Det er duka for spannande dagar i Voldapolitikken. For det er ikkje opplagt at koalisjonen som sikra Arbeidarpartiet ordførar ved siste val klarer å halde saman.

– Er du klar for hestehandel?

– No skal partia snakke saman, og eg er motivert for å bli ordførar, svarer Lødemel diplomatisk.

– Kvifor har du gjort eit så godt val?

– Eg har sitte som ordførar i Hornindal og gjort meg erfaringar som eg har nytta meg av. Det har og vore spennande og lærerikt å vere leiar for fellesnemnda for nye Volda. Her har det vore god kjemi mellom medlemmene. Og dessutan har Høgre ei god liste.