Dimmen eller Lødemel?

Volda si nye Sp-dronning

Senterpartiet størst, men Høgre hakk i hæl i Volda

Troneskifte? Volda si nye lokale Sp-dronning , Sølvi Dimmen, saman med den gamle, Ragnhild Aarflot Kalland. Sp-kongen sjølv i bakgrunnen.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Med 20,9 prosent vart Senterpartiet største parti i Volda, men også Høgre har gjort eit brakval, og får 19,3 prosent.

- Det er uverkeleg. Hjartet bankar, sa Senterpartiet sin ordførarkandidat då det endelege resultatet for Volda kom, om lag klokka 23.15 måndag kveld.

Ho vart gratulert mellom anna av Volda sin forrige kvinnelege ordførar, partifellen, Ragnhild Aarflot Kalland.

Med over 20 prosent av veljarane i ryggen, inkludert halve Hornindal, er Dimmen favoritt til å bli ordførar,men det er skjær i sjøen.

Koalisjonen med Sp, Ap, SV, Venstre og MGD held så vidt på fleirtalet og dermed burde det vere ope for Dimmen. Men det skurrar i koalisjonen.

- Vi skal snakke saman, og vi har ikkje bunde oss til nokon, seier Sølvi Dimmen.

Ho har fått ein seriøs utfordrar i Høgre sin ordførarkandidat Stig Olav Lødemel, som også har gjort eit brakval,med 19,3 prosent av stemmene.

Arbeidarpartiet, som har sitjande ordførar har gått kraftig tilbake, og sit att med 13,3 prosent. Ordførarkandidat Sverre Leivdal seier at han hadde venta tilbakegang,men ikkje så stor.

- Det er litt dårlegare enn enn hadde håpt på,men eg er ikkje misnøgd. Ved siste val var det ein Jørgen Amdam-effekt. Det var det ikkje no.

- Vil Arbeidarpartiet støtte Sølvi Dimmen som ordførar?

- Vi skal ha samtalar,men det er ikkje opplagt at vi støttar den gamle koalisjonen og Senterpartiet.

- Betyr det at det kan tenkje dykk å støtte Stig Olav Lødemel og Høgre?

- Ja, vi held døra opa for alle.

I tillegg til Arbeidarpartiet er KrF den store taparen i valet i Volda. Partiet som var størst ved forrige val, er meir enn halvert, og får ni prosent.

Også det splitta Frp har gjort eit dårleg val.