Sp tok to tredelar av røystene i Dalane krins

I ordførar Stein Aam sin eigen krins, tok Senterpartiet 65,2 prosent av røystene.

Valvinnar Stein Aam vert intervjua av NRK.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Senterpartiet gjorde nær reint bord i Dalane krins. Med 65,2 prosent av røystene viste veljarane i hemekrinsen til ordførar Stein Aam at dei ynskjer fire nye år.

Fordelinga blant dei andre partia vart slik: Frp 13,9 prosent, Ap 5,6 prosent, SV 4,7 prosent, Høgre 3,8 prosent, KrF 3,5 prosent, MDG 1,8 prosent og Venstre 1,5 prosent.