Hovdebygda

Senterpartiet og Frp størst i Hovdebygda

Senterpartiet er størst i Hovdebygda, også Frp gjer eit godt val.

Hovden krins: Roar Rønning gjer seg klar til å røyste, og Linda H. Hjelm, Sveinung Walseth og Hallvard Hovde ser til at alt går rett føre seg.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Hovdebygda er tilbake som eigen krins i kommunestyrevalet, og oppteljinga syner at Senterpartiet er største parti. Fordi Hovden krins ved førre val var ein del av sentrum krins, er det ikkje tal å samanlikne med.

Tala syner at Senterpartiet fekk 39,1 prosent av røystene. Frp fekk 19,1 prosent. Arbeidarpartiet fekk 13,7, medan Høgre fekk 12,9 prosent. SV fekk 8,0 prosent, KrF 2,9, MDG 2,5 og Venstre 1,8.