Over halvparten av røystene på Vartdal gjekk til Sp

Senterpartiet gjer eit brakval også i Vartdal krins.

Liv Randi Volle frå Barstadvik og Jon Helge Bjørndal frå Vartdal gler seg over valresultatet i Vartdal krins.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Resultata frå Vartdal syner at VSenterpartiet fekk 53,5 prosent av røystene i Vartdal krins.

- Dette er veldig bra. Fantastisk. Har fått med seg at Sp saman med dei andre i koalisjonen har fått til veldig mykje på Vartdal. Mykje av æra må sjølvsagt ordførar Stein Aam ha, seier listekandidat Jon Helge Bjørndal.

Frp er nest størst med 17,8 prosent. Arbeidarpartiet fekk 8,7 prosent. Høgre fekk 7,0, SV 5,3, MDG 3,1, KrF 2,9 og Venstre 1,7 prosent.