Valet i Volda

Høgre og Sp auka mest på førehandsstemming

Mange førehandstemmer- Høgre og SP mest fram

Valvake på Rokken i Volda. Arbeidarpartiet sine folk ser på det dårlege valresultatet på landsbasis. Også lokalt er det dårleg resultat for partiet til den sitjande ordførar.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Førehandstemmene representerer rundt 25 prosent av veljarane i Volda. Resultata viser at Senterpartiet er største parti med 21 prosent av stemmene, ein framgang på nesten 8 prosent. Høgre er nest størst i Volda med 11,7 prosent.

Arbeidarpartiet taper veljarar og får 14,3 prosent, minus 7,3 i forhold til forrige kommuneval.

Kristeleg Folkeparti er den andre store  taparen med 8,8 prosent av stemmene. Dette var det største partiet ved førre val i Volda.

Andre resultat etter oppteljing av førehandstemmene i Volda:

SV 8,6 prosent, Voldalista 7,3 prosent, Miljøpartiet Dei grøne 6,5 prosent, Framstegspartiet 6,1 prosent, Venstre 4,4 prosent, Dei kristne 2,5 prosent og Raudt 2,1 prosent.

Dimmen eller Lødemel?

Tendensen held fram når 38 prosent av stemmene er telt opp klokka 21.17. Senterpartien er størt m,ed 22,1 prosent, og høgre nest størst med 18,1. Det teiknar med det til å bli ein kamp mellom Sølvi Dimmen (Sp) og Stig-Olav Lødemel om ordførarklubba.