Rapport frå valet i Austefjorden

- Håper vi unngår bygdestrid

Austefjordingar håper striden med vestsida vert gravlagt for godt

FYRDE: Frå venstre ser vi valfunksjonærane Kjell Oddvar Høydalsvik, Gry Helset Engjaberg, Jan Ståle Engjaberg og Monica Leite Høydal. Ståande: Camilla Høydal, som røystar for andre gong i livet.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Møre-Nytt tok turen til vallokala på Fyrde i Austefjorden på valdagen, og tok ein prat med valfunksjonærar og nokre veljarar.

Det blir eit spennande val i nye Volda, med heile elleve lister og fleire nye bygdelag i kommunen. Og fleire av dei vi prata med håper inderleg det ikkje blir strid mellom bygdene i den nye kommunen.

- Det blir litt for dumt når alle berre ynskjer å få inn representantar frå si eiga bygd, meiner Jan Ståle Engjaberg, og legg til:

-Eg meiner det er synd med den splittinga som har vore mellom vestsida av Volda og oss som er på det vi kan kalle austsida. Årsaka var val av kvar E39 skulle plasserast, og den striden går fleire tiår tilbake. Det er bra at vi er ferdige med systemet med å stryke frå lista folk som stiller opp på partilistene til kommunevala.

- Men ein kan frykte ei viss splitting bygdene imellom, vel? Det er langt frå Velsvika til Kjøs, og no har folk heile elleve lister å velje mellom, deriblant Voldalista, som har sterkt innslag av vestside-representantar. Vil det kome fleire slike lister, trur de?

- Ikkje godt å seie. Ved dette valet kan folk i alle fall ikkje klage over å ha for få å velje mellom, smiler Kjell Oddvar Høydalsvik. Kor som er, så meiner austefjordingane vi prata med på valdagen at strid mellom bygdene overhode ikkje er vegen å gå i det nye Volda. Men utelukker ikkje at vi får sjå endå fleire bygdelister i åra som kjem.