Senterpartiet nær fleirtal

Fire nye år for Stein Aam

Alt tyder på fire nye år for ordførar Stein Aam. Senterpartiet gjorde eit brakval i Ørsta, og sikra seg nær halvparten av røystene.

Ola Perry Saure og Stein Aam jublar over valresultatet.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Senterpartiet dobla oppslutning frå førre val, og fekk 48,3 prosent av røystene. Partiet får 16 mandat i det nye kommunestyret, og manglar eitt på reint fleirtal.

Dei store taparane er Høgre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre.

I tillegg til Sp, gjekk SV fram. Frp og MDG heldt posisjonane sine.

Leiar i Ørsta Senterparti, Ola Perry Saure, seier at SP fyrst vil vende seg til dei noverande samarbeidspartia.

– Men vi er opne for å samarbeide med alle. Så mange røyster gjev også eit stort ansvar, seier Saure.

Ein av dei andre valvinnarane er SV. Og Marit Aklestad avviser tanken på at alle andre parti går saman for å hindre at Aam vert ordførar.

– Det er klart kven som vert ordførar. Det er Stein Aam, seier Aklestad.

Ordførar Stein Aam seier sjølv at han er overvelda.

– Eg vil takke veljarane. Eg vil takke alle eg har samarbeidd med, fleirtalskonstellasjonen, varaordføraren og mitt eige parti. Den jobben Ola Perry Saure har gjort, er formidabel. No må han ta til vitet, og få seg ei leilegheit i Ørsta, seier Aam om Sp-veteranen, som etter nyttår vert innbyggjar i Volda kommune.