SP tilbake i toppen

Dimmen seglar opp i Volda

Sølvi Dimmen seglar opp som favoritt til å bli ny ordførar i Volda

Valvake Volda. Sølvi Dimmen vert intervjua av journaliststudentar  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Tendensen er klar: Etter oppteljing av 38 prosent av stemmene stod Senterpartiet med 22,1 prosent, medan koalisjonspartnar AP, som har ordførar i dag, gjekk kraftig tilbake.

- Eg er nøgd så langt men vi ventar spent på opptellinga i sentrum, seier Sølvi Dimmen som ikkje vil ta noko på forskot.

Men heller ikkje Hornindal var opptelt, og det er tradisjonelt ein Sp-bastion.


Valet i Volda

Høgre og Sp auka mest på førehandsstemming

Mange førehandstemmer- Høgre og SP mest fram

 

Om valvinden hels same styrke resten av kvelden er det klart at grupperinga som i dag har fleirtal i Volda kjem styrka ut. Då er det duka for Sølvi Dimmen som ordførar.

Mellom støttepartia er Miljøpartiet Dei Grøne, som ligg av til å få to mandat, dobbelt så mange som no.

- Vi har hatt godt samarbeid med Senterpartiet og dei andre. Vi skal sjølvsagt forhandle med dei om fornya samarbeid, men eg er innstilt på at vi skal  bli samde, seier Øyvind Festø i Miljøpartiet dei Grøne.

Hovudutfordrar til Sølvi Dimmen er Stig-Olav Lødemel frå Høgre, som også ser ut til å gjere eit godt val i Volda.