Dei siste røystene vert talt opp tysdag

Val: 9. september er det kommune- og fylkestingval. Foto: Foto: Håkon M. Larsen / NTB scanpix  

Nyheiter

Måndag kveld vil valresultatet vere klart i Ørsta. Men dei aller siste røystene vert likevel ikkje talt opp før tysdag. Det har samanheng med seint innkomne førehandsrøyster frå andre kommunar.

Nytt av året er også elektronisk manntal.

– Vi slepp å telje avkryssingane på kven som har røyst i manntalet manuelt. Det sparer litt arbeid, seier Elisabeth Sæbønes på sørviskontoret på Ørsta rådhus.

Hovudteljinga skjer altså måndag kveld. Men det endelege resultatet vert fyrst klart tysdag ettermiddag, og det kan kome endringar.

– Det har med førehandsrøystene frå andre kommunar å gjere. Posten har leveringsfrist til tysdag kl. 17.00, seier Sæbønes.