Dei grøne og SV imot planen for Myklebustsetra

Seter: Områdeplanen for idylliske Myklebustsetra er endeleg godkjent.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nei: Frida Gilberg (MDG) røysta imot planen.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Både Miljøpartiet dei grøne og Ørsta SV er imot områdeplanen for Myklebustsetra.

– Eg er imot planen. Det beste er å late området bli som i dag. Eg vil ha regulert inn mindre hytter. Då kan der kome felles parkeringsplassar og gangveg til hyttene. Eg ber om at saka vert utsett og sendt tilbake til administrasjonen, sa Frida Gilberg (MDG) då kommunestyret handsama saka.

Også Marit Aklestad røysta imot planen, men det vart berre med deira to stemmer.

Dermed har kommunestyret endeleg godkjent områdeplanen for Myklebust setremark. Dette har vore ein langdryg prosess.

Starta i 2003

Eit privat planarbeid vart varsla i 2003, men stoppa seinare opp. Planutvalet i kommunen var då positive til at det vart starte eit slik arbeid. I juli 2009 kom det ny plan og bygningslov, med nye planformer og krav til planprogram. Områdeplan er ei kommunal planform, men grunna manglande kapasitet i administrasjonen vart det inngått avtale med gardslaget og sivilingeniør Svein Holmen som opna for utarbeiding av ein områdeplan samtidig som at Ørsta kommune som planeigar la premissane for planarbeidet.

For å kome i mål med eit høyringsutkast til planprogrammet måtte administrasjonen ta over denne delen av arbeidet.

Ein viktig del av planarbeidet er frå kommunen si side har vore å sikre stølsmiljøet gjennom ein plan for framtidig bruk og vern.

Vassforsyning har vore eit punkt i planen. Kommunestyret vedtok at den beste løysinga for områdeplanen er å hente vatn frå Koppelva. Det er ein føresetnad at trykket tilfredsstiller brannsløkkingsvatn i feltet, seier kommunestyret.

Kommunestyret strauk elles kravet for veg om at maks stigning ikkje skal vere over 12,5 prosent.