Brakval for Sp og SV på Sæbø

I heimekrinsen til Marit Aklestad gjorde SV eit svært godt val.

Magnar Hjertenæs og Marit Aklestad er overvelda over SV-resultatet i Sæbø krins.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

- Sæbø altså! 14,6 prosent. Veit ikkje kva eg skal seie. Eg er overvelda, seier Marit Aklestad.

Valresultatet for Sæbø synte at Sp gjorde eit brakval, men at SV fekk 14,6 prosent kan mykje tilskrivast Marit Aklestad, som bur på Sæbø.

Sp fekk 64 prosent av røystene på Sæbø. SV fekk 14,6 prosent.

Røystene fordeler seg elles slik: Frp 9,4 prosent, Ap, 6,5 prosent, Høgre 2,9 prosent, KrF 1,3 prosent, MDG 1,0 prosent og Venstre 0,3 prosent.