Avinor åtvarar mot momsauke

Kan gi 15.000 færre innanlandsavgangar

  Foto: Kjell-Arne Steinsvik

Nyheiter

Avinor trur 15.000 innanlands flyavgangar i året kan forsvinne dersom momsen på persontransport blir auka frå 12 til 25 prosent.

I dag finst det tre satsar – 12, 15 og 25 prosent – i tillegg til ein nullsats. Men eit utval som Finansdepartementet har utnemnt, har foreslått å innføre éin felles fast moms på 23 eller 25 prosent.

Det kan bety at momsen på persontransport, som i dag er 12 prosent, blir høgare. I høyringssvaret sitt reknar Avinor med at 13.000 årlege avgangar kjem til å forsvinne dersom meirverdiavgifta blir auka til 23 prosent, og 15.000 avgangar dersom den nye, felles momssatsen blir 25 prosent, skriv Nationen.

Widerøe skriv i høyringssvaret sitt at dei kan bli nøydde til å halvere drifta, noko som vil føre til at 37 innanriksruter forsvinn.

Det statlege aksjeselskapet trur at billettprisane kjem til å auke med mellom 10 og 11 prosent for dei private reisande. Avinor reknar òg med å tape over 200 millionar kroner årleg på grunn av færre avgangar.

Då finansminister Siv Jensen (Frp) fekk overlevert rapporten om ei flat meirverdiavgift, sa ho at ho ikkje trur det blir aktuelt å fjerne alle dei reduserte meirverdiavgiftene.

– Eg ser derfor ikkje for meg at regjeringa kjem til å foreslå å fjerne alle låg- og nullmomssatsane, slik utvalet foreslår, sa ho.