Bank leiter etter kandidatar

Gründer kan få ein mill.

For tredje gong kan lokale gründerar bli med på nyskapingsstipendet Næringsteft frå Sparebanken Møre.

Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv Søre Sunnmøre, i Sparebanken Møre.  Foto: Sparebenken Møre

Nyheiter

–Sjølv om premien er på heile éin million kroner, handlar dette om meir enn berre pengar, seier Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv Søre Sunnmøre, i Sparebanken Møre.

– Gjennom å løfte fram skaparglede og talent ønskjer vi å vere med på å styrke næringslivet på Sunnmøre. Næringsteft gir lokale oppstartsbedrifter ekstra gode mogelegheiter til å utvikle seg, som på sikt kan bidra til å skape nye arbeidsplassar, seier Hamre i ei pressemelding frå banken

– Unik sjanse

Næringsteft er for enkeltpersonar, små eller mellomstore bedrifter med tilknyting til Nordvestlandet. Ein god forretningsidé må vere på plass – og hovudpremien på éin million kroner må utgjere ein forskjell. Søknadsfristen er 10. september.

– Det er flotte pengepremiar til finalistane. Men vel så viktig er premien vi gir alle søkarane i form av ei unik mogelegheit for å få fagleg påfyll frå svært kompetente miljø og personar. Målet er å gi mest mogeleg kompetanse til flest mogeleg. Det er fordi vi veit kor viktig det er å få god draghjelp når ein er i startgropa. Vi vil difor oppmode alle som vil satse på sin forretningsidé til å søke, seier Hege Karete Hamre.

Gir nye perspektiv

Agrilogg frå Ørsta/Rovde har utvikla eit datasystem for loggføring og registrering i landbruket, og kom til semifinalen i fjor.

– Vi lærte utruleg mykje gjennom å delta. Flinke foredragshaldarar og fagfolk delte nyttig kunnskap og erfaring rundt viktige prosessar. Det gav oss mange nye perspektiv, som gjer det lettare å sjå mulegheiter og utvikle selskapet vidare, fortel Jan-Øystein Aksnes, ein av gründerane i Agrilogg. Han meiner det er få andre tilbod der gründerar kan møte så mykje kompetanse innan så mange fagfelt.

– Det beste var likevel å møte andre i «same båt». – Som gründer er det lett å grave seg ned i si eiga verd. Vi sit mykje åleine. Når ein derimot samlar mange gründerar på ein stad, kan ALT skje, seier Jan-Øystein,

Nytt av året er at programmet er delt i to. Første del er tre samlingar som er opne for alle. Her får deltakarane konkrete verktøy, nyttig kunnskap og eit godt nettverk som skal hjelpe og inspirere dei til å satse vidare på idéen sin.

– På denne måten kan endå fleire vere med lenger og få hjelp til å utvikle idéen sin, seier Linda R. Grimstad, prosjektleiar for Næringsteft i Sparebanken Møre.

Finalen vil gå av stabelen i mars under investorseminaret «Børs og Bacalao».