Godkjende planen for Melsgjerdet

No er planen for Melsgjerdet endeleg godkjend. 

Nyheiter

Kommunestyret har samrøystes godkjent reguleringsplanen for Melsgjerdet.

Reguleringsframlegget har vore utlagt til offentleg ettersyn. Alle merknadane er no vurdert og kommentert. Det låg ikkje føre nokon motsegner etter offentleg ettersyn, men merknadane har ført til at planframlegget er justert på nokre punkt.

Etter handsaminga i formannskapet har det kome på bordet eit brev frå Nils Olav Brekke, Olaug Brekke Harbak og Knut Brekke. Dei meiner reguleringsplanen må avvisast grunna sakshandsamingsfeil. Dei har klaga inn kommunen til fylkesmannen og dei har klaga inn rådmannen til Direktoratet for forvaltning og IKT  for handsaminga av planen.

I kommunestyret avviste leiar for plan og miljø i kommunen, Gunnar Wangen, at det er moment i saka som ikkje har vore ein del av sakshandsaminga.

- Brevet frå dei tre handlar om forhold som tidlegare har vore vurdert og det er ikkje grunnlag for å påstå sakshandsamingsfeil. Konsekvensutgreiing er vurdert. Det er ikkje knytt motsegn til dette, sa Wangen.

VØR har gjort avtale om kjøp av tomt, og bygging av tilkomstveg, og bru vart fullført i tillegg til opparbeiding av tomt vart starta opp  i 2018. Det vart funne behov for å å endre den regulerte interne vegføringa i feltet, og for å oppdatere plangrunnlaget for VØR sine planar om avfallsanlegg. I desse planane inngår også at det kan vere aktuelt å etablere eit biogassanlegg på området.

Industri

I tillegg til areal for VØR er det i planen gitt plass for næringsverksemd som industri, lager og verkstad. Eitt område er opna for kommunaltekniske anlegg, mellom anna eit brannøvingsanlegg.

Då saka var oppe i formannskapet fremja ordføraren eit punkt som også vart vedteke i kommunestyret. Dette handlar om at det i gjennomføringa av Melsgjerdet industriområde skal takast omsyn til biloppstilling på Brekke-sida av elva med teneleg tilgang til elva. Og det er bede om at det vert sett på moglegheit for å skaffe grunn til formålet og å etablere biloppstilling. Tiltaket skal skape trygge trafikktilhøve og vere tenelege for bruk av fiskeområdet på Brekke-sida.

Det er stor skepsis frå mange til etablering av avfallanlegg i området, og særleg i høve eit ev. biogassanlegg. Det er peika på bekymring for negativ påverknad av bustadane som ligg nærast anlegget. Det er også bekymring for at det ikkje er tilstrekkeleg tryggleik mot negativ påverknad av Ørstavassdraget, som er eit nasjonalt laksevassdrag, og såleis til spørsmålet om laksen er tilstrekkeleg ivareteke ved lokalisering av slike anlegg til området. Fleire er også kritiske til at det er opna for ei trafikktilknyting frå næringsområdet til Melsvegen.

- Desse spørsmåla var i hovudsak utgreidde gjennom planomtalen og ROS-vurderinga i planframlegget. For å supplere dette og gjere konkrete vurderingar mot den enkelte merknad, har VØR bidrege med vurderingar i kommentarar til fleire av merknadane. Det kan elles peikast på at avfallsanlegg og eit eventuelt biogassanlegg vil vere avhengig av konsesjon etter reglane i og i medhald av forureiningslova. Det er allereie gjeve konsesjon for avfallsanlegg, seier rådmannen.

Vilkåra i konsesjonen gjeld ved sidan av og kjem i tillegg til det som er fastsett i denne reguleringsplanen. For andre verksemder i området vil dei generelle reglane i forureiningslova gjelde.