Roa ned retorikken under årets Jesusmarsj

– Men eg meiner framleis det same

I fjor vart det arrangert Jesusmarsj etter initiativ frå Hans Reite som ein motdemonstrasjon til Bygdepride. I år var parolane tona mykje ned og toget vart større.

Jesusmarsjen stoppa ved Havtor Hovden-plass i Ørsta sentrum.  Foto: Joachim Åsebø

Mange får eit inntrykk av at vi er imot nokon eller fordømmer dei

Hans Reite
Nyheiter

Ein stad mellom 50–60 personar marsjerte med parolar med bibelsitat, i tillegg til norske og israelske flagg, i Ørsta sentrum laurdag. Ifølgje Hans Reite i Nytt Livs senter var det mange tilreisande av dei som tok del. Før markeringa i Ørsta vart det også gjennomført Jesusmarsj i Volda.