Kjensleladd opningsfest for Egilbu

Opninga av Egilbu vart både storslagent og kjensleladd.
Nyheiter

Ein gapahuk er eit byggverk med tre vegger av trematerial, opprinneleg meint for overnatting i krisetilfelle, står det i leksikon. Men gapahuken på Klokksegga er noko mykje meir. Bygget i seg sjølv er imponerande, og plasseringa er storslagen. Storslagent var og opplegget for opninga av Egilbu laurdag, med konsert, der scena var taket på gapahuken, og arenaen var dei bratte skråningane ned mot Nordangsfjorden. Egilbu er oppattkalla etter Egil Åmbakk, som saman med kona Bente var drivkrefter i Saksa turstiforeining. Begge er døde. Bente døydde av sjukdom, og på turen opp til Saksa står Bentebu. Egil Åmbakk omkom i snøskred i vinter, ikkje langt unna Urkeegga/Klokksegga. Difor var det mange kjensler i sving under opningsfesten, som vart ei opningshøgtid. Sigrid Moldestad heldt ein konsert der repertoaret stod i stil med dei vakre omgjevnadene, og dei spesielle omstenda. Ho opna med "Fagert er landet" og avslutta med "Fager kveldsol smiler". Det kunne ikkje passe betre.