Skulestart

Politiet intensiverer kontrollane

Skuleveg:Politiet varslar at dei vil følge nøye med bilistane dei neste to vekene.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Møre og Romsdal politidistrikt varslar at dei intensiverer trafikk-kontrollane i samband med skulestarten. Meir enn 3000 førsteklassingar her i distriktet har sin første skuledag denne veka.

– Det betyr at mange små vil ferdast i trafikken på veg til og frå skulen. For dei aller yngste kan det vere ei spesiell utfordring. Barna har ei trafikkforståing som ikkje er godt nok utvikla, og alle bilistar må vise ekstra omsyn på skulevegen, sier Steven Blindheim som er trafikk-koordinator i Møre og Romsdal politidistrikt.

Sjølv om bilistene har hovudansvaret understrekar Blindheim at også foreldrene har eit stort ansvar for å gi barna ein trygg skuleveg.

– Det er viktig at foreldra trener med barna på skulevegen, går saman, snakkar saman, og at dei vaksne er gode førebilete for barna. Viktig er det også å vere klar over farene knytta til fleire moderne el-fremkomstmiddel, sier Blindheim i ei pressemelding frå politiet, som altså varslar føleire kontrollar dei neste to vekene.