Nytt folkemøte om gebyrauke i Volda

Beklagar at informasjonsmøte vart halde midt i ferien

Dinglavatnet, som er drikkevasskjelda til voldingane.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Volda kommune må investere store summar i vatn og avløp dei neste åra, og innbyggjarane må bu seg på gebyrauke.


Treng nye stillingar, investeringar og gebyrauke

- Noko kan i verste fall kollapse

Volda får minst ei ny stilling i teknisk etat. Kommunen står framfor store utfordringar for vatn og kloakk.

 

I løpet av juli vart det arrangert eit ope møte med orientering om ny forskrift for vatn og avløp, men det var dårleg oppmøte.

- Volda kommune beklagar at møtet vart halde midt i fellesferien og ser at det var eit uheldig tidspunkt at forskrifta blei sendt ut på høyring i ferien. Årsaka til dette er tidsfristane til eksterne aktørar i samband med kommunesamanslåinga, skriv kommunen på sine heimesider.

Kommunen opplyser at det vert eit nytt ope møte i løpet av september.

- På dette møtet vil vi gå djupare inn i dei tekniske detaljane overfor entreprenørar og utbyggarar, men møtet vil vere ope for alle der ein kan få svar på spørsmål som de lurer på.  

- Kan ein forvente auke i gebyr for vatn og avløp?

Administrasjonen vil utarbeide forslag til nye gebyrsatsar for å oppretthalde ei forsvarleg og sikker vassforsyning for innbyggarane, men det er til sjuande og sist opp til politikarane å vedta investeringstakt og dei nye gebyrsatsane. Investeringstakta vil vere styrande for utviklinga i gebyra, skriv kommunen på sine heimesider.

- Det er mange kommunar i Noreg som vil få auke i gebyra for vatn og avløp i åra framover. Dette er ikkje unikt for Volda kommune, er trøysta frå Volda kommune.


Mattilsynet fryktar for vatnet i Volda

Mattilsynet er uroleg for drikkevatnet til 7200 innbyggjarar i Volda og trugar med dagmulkt.

 

Meir ekstremver og endring i klimaet skaper også utordringar for den kommunale vass- og avløpsinfrastrukturen.