Sæbøfest

– Det er noko eige med Sæbø

Folk flokka til Sæbø laurdag, då grendalaget inviterte til fest for heile fjorden.
Nyheiter

– Vil vi ha litt liv på laurdagane, reiser vi til Sæbø. Då stoppar vi først på Rise og kjøper egg, så handlar vi på butikkane og kjøper brød på bakeriet. Her har ein kunst, kultur, natur og mat. Og ein møter folk. Slik er det ikkje i sentrum. Det er noko heilt eige med Sæbø, seier Arnhild Mork.