Lillian Sætre og Hilde Nicolaisen

Tøffe damer til topps på nasjonalfjellet

– Eg starta så smått med fjellklatring då eg gjekk på folkehøgskule i Alta. Sidan har det vorte meir og meir ein spennande og utfordrande hobby.

Hipp hurra! Lillian Sætre vs. Stetinden: 1-0. Og det på sjølvaste bursdagen. I bakgrunnen skimtar vi Lofotveggen. Foto: privat  Foto: Privat

Nyheiter

Seier Lillian Sætre (43) som for ein månad sidan, på sjølvaste bursdagen, klatra til topps på Norges nasjonalfjell, Stetinden, i Tysfjord i Nordland. Saman med klatreveninne Hilde Maria Nicolaisen, busett i Ulsteinvik, nådde dei eit spetakulært klatremål, etter at ideen om å nå toppen på dette 1392 meter høge fjellet for alvor vart lansert.