Studieopning med statsråden

Kunnskapsministeren opnar studieåret i Volda

Høgskulen: Semensterstarten i 2017. Arkivfoto  Foto: Rune Sæbønes

Statsråd Iselin Nybø og studentane Maria Bjelde, Inger Lade Gjørvan, Joakim Olsson, Vidare Bergstein Hoel og Tiril Høgset. Biletet er tatt sist kunnskapsministeren vitja Volda.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Tysdag opnar Høgskulen i Volda studieåret.  Kunnskapsminister Iselin Nybø har gitt melding om at ho kjem til opninga og ho vil halde opningstalen for nye studentar.

Det har meldt seg på noko over 50 eksterne gjester. I tillegg til Iselin Nybø har også fylkesmannen, fleire stortingsrepresentantar, fylkesrepresentantar frå ei rekkje politiske parti og mange ordførarar meldt seg, skriv Høgskulen på sine nettsider.