Kirsten i helga

Når eg berre..

Kirsten Ose 

Nyheiter

So var dei fleste attende i kvardagen etter ein nydeleg sommar.

Borna nyt dei siste feriedagane og ligg so lenge dei kan før skulekvardagen byrjar. Etter seine kveldar med rangling og bading er det ikkje lett å omstille seg.

Tusenvis av flyttelass vert køyrde til ulike stadar i landet. I baksetet sit spente og litt nervøse ungdomar som skal bu heimanfrå for fyrste gong. I framsetet sit bekymra og stolte foreldre som lurer på korleis dette skal gå. «Korleis i alle dagar skal dei klare seg sjølve?» tenkjer dei. Men det går nok bra med dei fleste. Når svolten tek overhand, det er tomt for pengar, alle underbuksene har bremsespor og hybelen flyt over av skitne kjørel og boss…. DÅ må dei ta tak, for hotellet og romservisen (heime hjå mor) er stengt. Etter nokre svidde freistnadar på heimelaga middag (tomatsuppe td), får dei nok dreisen på kokinga. Etter nokre klesvaskar der alt vert rosa eller grønt, lærer dei seg endåtil å vaske kleda sine sjølve. Det vert folk av dei fleste.

Regn

Denne sommaren som starta med regn og stengte fjellovergangar grunna snø i byrjinga av juli, endte opp med å verte heilt nydeleg. Frå tjukkelestar og hue eine veka, til nedsegne panneband (superkorte kjolar) og gutar som fleksar på stranda neste veke. Slik er det å bu i våre trakter.

Kleggen har stortrivast i sommar. Noko mange har bevis på rundt omkring på kroppen (inkludert underteikna). Eg har til tider sett ut som eg har hatt ein alvorleg pest, takka vere dei ulike blodsugarane som har slost om plassen. Alle rundt meg slepp å tenkje på å verte bitne om dei tek med meg i skauen. Både mygg, flått og klegg står i matkø, og klarer mest ikkje lette etter dei har fylt opp blodbanken. So då får det heller vere at eg ser ut som eit europakart.

Medan ein slappar av i solstolen ved sidan av grillen, er det lett å tenkje at etter denne ferien skal alt verte annleis. Ein trur ein skal rekkje mykje meir. Ein skal organisere på ein annan måte, slik ein ikkje slit seg ut. Planane er der…..SO kjem kvardagen og klaskar til ein midt i planeten.

Kva i alle dagar er det som skjer med tida og planane? Gje oss to veker og gløymt er alle planar om omorganisering og eit nytt og betre liv. Vi fell rett inn i gamle (u)vanar. Og når vi har kome inn i den gamle tralten, kjem den gamle frasa… Når eg berre får gjort unna denne månaden, skal eg… Når eg berre får gått ned desse 20 kg, skal eg……Når eg berre får spart nok, skal eg….Når eg berre får gjort unna dette, skal eg….osv

- Lev no

Svært mange gløymer å leve NO. Ikkje set livet på vent. Vi veit ikkje kva morgondagen kjem med.

Mange brukar tid på konfliktar og misunning. For ein måte å kaste vekk tida på. Det er no vel mykje kjekkare å bruke energi på positive ting. Unn medmenneska dine å klare seg godt og bruk heller tida di på å hjelpe dei som ikkje gjer det. Vi kan alle verte betre på dette. Ein kan vere rik og lukkeleg utan å ha ei krone i banken, og ein kan vere ulukkeleg og fattig med mykje pengar. Det er ikkje innhaldet i lommeboka som avgjer (ikkje at eg lagar styr om eg vinn eit par millionar altso..ler).

Eg er som mange andre eit skippertaksmenneske. Når eg slepar kroppen opp motbakkane og ikkje høyrer anna enn mi eiga pesing, då er det svært motiverande å tenkje på at om eg klarer å ta meg saman og trimme kvar dag, då altso…. Eg har etter kvart forstått kvifor eg aldri får sjå hoggorm. Dei høyrer meg lenge før dei ser meg.

Når eg no berre klarar dette (no igjen??), då er eg klar for Baywatch neste sommar. Jau…. Livet er det som skjer medan ein planlegg det. Set deg gjerne mål, men lev livet på vegen.

No skal eg berre …….