Tre dagar med rettssak i november

I tre dagar frå 19. til 21. november vert det arbeidsrettssak mellom Ørsta kommune og Rolf Magnus Sundgot.

Rettssak: Rolf Magnus Sundgot krev å få tilbake stillinga som teknisk sjef i Ørsta kommune.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

Det er fagforeininga Tekna som på vegner av Sundgot har teke ut søksmål mot Ørsta kommune.

Sundgot, som starta i Ørsta kommune våren 2015, tok i mai i fjor ut ulønt permisjon frå stillinga som teknisk sjef etter intern uro på avdelinga der han jobba. Sundgot meinte han hadde rett til å kome tilbake i stillinga etter permisjonen, og frå 1. august i år.

Ørsta kommune meiner derimot at Sundgot har sagt opp stillinga si fordi han har teke ut Avtalefesta pensjon i permisjonstida. Og no har saka vorte advokatmat.

Har tilsett

Ørsta kommune har tilsett ny teknisk sjef sjølv om det ikkje ha kome noko avgjerd i retten om Sundgot har krav på å få tilbake jobben som teknisk sjef eller ikkje.

Sundgot blei tilsett i Ørsta kommune i november 2014.

Rettssaka skal haldast i tingretten i Volda.