Jesus-marsj i Volda og Ørsta

Det vert Jesus-marsj i Volda og Ørsta også i år.

Jesusmarsjen i Ørsta i fjor.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Jesus-marsjen er eit samarbeid mellom Ålesund Gatemisjon og kristenfolket i Volda og Ørsta, og vart arrangert for første gong i fjor sommar.

– Først går Jesus marsjen i Volda, nokre timar seinare går marsjen i Ørsta, opplyser arrangørane.

– Vi ønskjer på denne måten å proklamere Jesu' kjærleik til oss menneskje, seier hovudansvarleg for Jesus-marsjen, Morten Abrahamsen frå Ålesund Gatemisjon, og Elin Roksvold Torkildsen og Per Arne Åkenes fra Nytt Livs Senter i Ørsta.

– Vi ber med oss 6 parolar med skriftstader frå Bibelen, og har med oss ei firehjulstralle med lydanlegg som vi skal spele lovsongsmusikk med i marsjen.

Marsjen vert arrangert i samband med fellesstemnet i Nytt Livs Senter i Ørsta.