Jubileumskamp

Gamle Hødd-heltar stiller inn skotfoten

Mange kjente namn- men korleis er forma?

Bildetekst: Hødd-fansen hublar på Ullevål i 2012. Søndag kan dei få sjå nokre av dei gamle heltane møte Tippeliga-laget frå 1995. To av dei største Hødd-laga gjennom tidene.   Foto: Arne Flatin

Nyheiter

Hødd arrangerer jubileumskamp mellom storlaga frå 1995 og 2012. Kampen er neste steg i 100-årsjubileet, og vert spela i forkant av 2.divisjonskampen mellom Hødd og Stjørdals/Blink, skriv Hødd i ei pressemelding.

1995-laget møter 2012-laget. Begge laga har med spelarar frå årgangar nær opp til 95 og 12.

Dette er dei endelege troppene

Dommar vert Kåre Fjørtoft med Oddmund Kaldhussæter og Oddbjørn Aam på linjene.

Tropp 1995 (Erik Brakstad er sjef). I støtteapp har han elles med seg Eldor Skeide, Steinar Hauge, Kjetil Strand og Per Rune Tødenes.
Stig Engen, Lars Ivar Moldskred, Even Blakstad (K), Tommy Sylte, Geir Sundal, Geir Televik, Tor Arild Haddal, Kenneth Giske, Petter A.Hagen, Stein Holsvik, Harald Åsland Riise, Ole Petter Fjørtoft, Andre Skotheim,  Geir Hasund, Egil Ulfstein, Georg Aursnes, Cato Eiksund Rogne, Stig Haugland, Jan Egil Tryggestad, Mads-Andre Værnes, Jan Arild Roppen, Ole Bjørn Sundgot

Tropp 2012 (Einar Magne Skeide er sjef). i støtteapp elles Lars Petter Rønnestad, John Vik, Erling Skeide, Svein Vattøy, Michael Dahl

Frode Gjerde/Neil Le Clercq og Karsten Ulstein vert opptekne med A-kamp.

Jan-Lennart Urke, Vebjørn Skeide, Fredrik Klock (K), Steffen Moltu, Vegard Heltne, Kazeem, Lala, Espen Standal, Bendik Torset, Thomas Kleppe, Martin Haanes, Ruben K. Brandal, Ørjan Engen Grimstad, Anders Vaagen, Joachim Magnussen, Magnus Myklebust, Finn-Erik Stavseng, Helge Edinsen.