"Historisk godt" for sparebanken

Med 125 millionar i pluss vart det eit " historisk godt" resultat for SpareBank 1 Søre Sunnmøre første halvår

Administrerande direktør Stig Brautaset i SpareBank1 Søre Sunnmøre er godt nøgd med utviklinga.  Foto: SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Nyheiter

– Halvårsresultatet til konsernet SpareBank 1 Søre Sunnmøre viser eit resultat før tap og skatt på 133,4 millionar kroner. (125 mill.etter tap , red. merknad) ) Det sterke resultatet skuldast sterk kundevekst, kostnadseffektiv drift, låge tap samt god avkasting på finansielle investeringar, skriv banken i ei pressemelding.

– Resultatet viser at banken er inne i ei god utvikling. Vi veks, aukar inntektene frå bankdrifta og har kontroll på kostnadane. Tapa er låge, og kvaliteten i utlånsportefølja er god. Det gir tryggleik for både kundar, eigarar og dei tilsette, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Sterk vekst SpareBank 1 Søre Sunnmøre er den einaste banken med hovudkontor på Søre Sunnmøre, og tilbyr rådgjeving til kundar over heile landet. Dei siste 12 månadane har banken hatt ein samla vekst i utlån, inkludert lån overført til kredittføretak, på 11,0 prosent. Denne fordelar seg på 9,1 prosent i personmarknaden og 21,8 prosent i bedriftsmarknaden. Banken har også dei siste 12 månadane hatt ei auke i innskot på 13,7 prosent. Denne fordelar seg på 7,3 prosent i personmarknaden og 24,6 prosent i bedriftsmarknaden. Den høge veksten i bedriftsmarknaden må sjåast i lys av utlånsreduksjonen i 2016 og 2017. Det er venta ein noko lågare prosentvis vekst i tida som kjem.

– Det er knallhard konkurranse om kvar einaste kunde. Den sterke veksten som ligg godt over marknadsveksten er ei stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset i ei pressemelding frå banken.