Elias tatt ut til landslaget

Elias Hovden Nilsen skal kaste spyd for Noreg

Elias Hovden Nilsen  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

Norges Friidrettsforbund har tatt Elias Hovden Nilsen, Ørsta I.L., til å representere Noreg i nordisk juniorlandskamp og meisterskap i Kristiansand laurdag 17. og søndag 18. august.

Han er førebels den einaste utøvaren som er tatt ut i spyd.

Elias har vore den beste spydkastaren i si årsklasse (fødd 2001), og han tok nyleg 6. plass i senior NM med eit kast på 59,65 meter.