Onsdag-fredag

Vegstenging i Stigedalen

Riksveg 651 gjennom Stigedalen blir stengt i periodar frå onsdag. 

Nyheiter

Rv. 651 mellom Hjelle og Folkestad, kan bli stengt ved fylkesgrensa i inn til ein time om gongen frå torsdag 14. august til og med fredag 16. august, opplyser Statens Vegvesen. Årsaka er vegarbeid.

Merk at det no er ei endring i stenginga. Først melde vegvesenet at det også vart stenging onsdag.

Arbeidet går frå klokka 0700 til 2200. Det er passering for kollektivtrafikk og utrykkingskøyretøy.