Thomas driv osteopatklinikk i Ørsta

Fiksar smerter i kroppen

I fjor sommar tok Thomas Christiansen Hansen steget ut og opna eigen osteopatklinikk i Ørsta. Etter eitt års drift, ser han lyst på framtida.

Ryggsøyle: Osteopat Thomas Christiansen Hansen hjelper ørstingar som slit med smerter, mellom anna i ryggen. 

Nyheiter

– Det siste året har vore veldig positivt. Det er marknad for dette. Ørsta er ei aktiv bygd, der folk er opptekne av å gå på fjellet, trene og vere fysisk aktive. Dei fleste har eit godt forhold til eigen kropp, og ønskjer å ha ein mest mogleg funksjonell kropp. Dei fleste er flinke å kome innom og be om hjelp til plagene sine, så dei kan halde fram med å gå på fjellet og gjere det dei vil, seier Hansen.