Brann på Sæbø

Rask innsats hindra alvorleg brann

Det har vore ein brann i ein einebustad på Sæbø laurdag ettermiddag.

Brannen var i ein einebustad på Aklestad  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Brannalarmen gjekk klokka 13.20. Det var fire personar til stades i huset då det byrja å brenne på kjøkkenet.

- Rask innsats frå desse gjorde at dei heldt brannen i sjakk til brannmannskapet frå Sæbø kom litt etter 13.30. Det var då stor røykutvikling, men flammane var sløkte, seier innsatsleiear Kurt Kristiansen i Ørsta brann og redning.

Ørsta Brann og Redning var på staden klokka 13.40, og kort etter var også brannfolk frå Ørsta, samt politi og ambulansepersonell på plass.

Kristansen seier at dei som var i husværet kan ha hindra at dette vart ein storbrann, og at det viser kor viktig det er å ha brannsløkkingsutstyr, alarmar osv på plass i alle husvære.

Litt etter klokka 13:20 la politiet ut denne meldinga på Twitter:

"Sæbø: Brannutvikling i einebustad. Naudetatene på veg til staden."

Og knapt 20 minutt seinare: "Brannen sløkt. Etterarbeid på staden".

Brannvesenet både frå Søbø og Ørsta rykte ut.

110-sentralen melder på Twitter: "Brannbefal melder brann sløkt, startar ventilering. Restverdiredning på veg frå Ålesund."