Nils og Evy har funne sitt paradis på Leira

Evy (77) og Nils Leira (86) treng ikkje reise til Syden i sommar, for heime på Leira har dei alt dei treng.

Det er triveleg å bu her. Dette er verdas rolegaste plass.

Nils Leira
Nyheiter

Frå terrassen ser ekteparet bort på Jakta og dei andre fjella i tinderekkja på andre sida av fjorden. Denne ettermiddagen bryt sola skodda opp i småbitar som klengjer seg til dei grå fjellsidene. Den majestetiske utsikta er ein av grunnane til at dei har valt å bruke si pensjonisttid på Leira.