Ekstremt episk

Runar Gudnason skriv fredagskommentarar i Møre-Nytt.  Foto: Svein Aam

Det vert dessutan snart forbode å stille opp til tv-intervju utan enten verte rørt (til tårer) eller krenka og forbanna (så du nesten begynner å grine).

Nyheiter

Me lever i ekstreme tider. Me har ekstreme politiske rørsler og ekstreme kjensler. Me har òg eit ekstremt språk, og då er det ikkje berre ufine kommentarfelt og hatytringar eg tenker på. Superlativa har òg vorte suprare. Bra er ikkje godt nok lenger; det må vere fantastisk. Og ei kulturoppleving er ikkje verkeleg fantastisk før ho er magisk.