LHL-laget inviterer

- Bli med Hindholmen på søndagstur

– Søndag 8. september har folk moglegheita til å vere med M/S Hindholmen på ein uforgløymeleg tur ut til området Eiksund, fortel Bjarne Enerhaug.

Hindholmen: Bjarne Enerhaug er ein av dugnadsgjengen for M/S Hindholmen. Søndag 8. september inviterer LHL-laget, der Enerhaug også er med, til båttur for alle i Eiksundområdet.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Han er dugnadsbasert matros om bord på den ærverdige veteranbåten Hindholmen, ein lokal kulturskatt – og eit museum på sjøen.

Båten ligg for tida til kai ved hotellet i Ulsteinvik sentrum. Derifrå går båten ofte turar, for mange er interessert i å vere med båten.

– Ja, båten er mykje i bruk, i sesongen i fjor gjekk den sju-åtte turar og det vert nok det same i år. Den siste turen vår gjekk nyleg til Sandsøya, fortel Bjarne Enerhaug.

Han er også aktiv i lokallaget til Landsforeningen for hjarte- og lungesyke (LHL). Og det er dette laget som søndag 8. september inviterer til båttur for kven som helst – både medlemmer og ikkje medlemmer av laget.

– Vi går om bord på kaia ved Grøvik Verk på Håvoll/Liadal klokka 10. Turen går via Holmen og Raudøya og vidare ut i Eiksundområdet. Er vêret bra, går vi også til Runde. Knut Halse vert med som kjentmann, så dette vert bra, lovar Enerhaug.

Kjøtkaker

Folk skal ikkje vere redde for ikkje å få mat. For Hindholmen skal stoppe ved Kjeldsund slik at dei som vil kan få kjøpe seg kjøtkaker, kaffi og dessert. Og berre så det er sagt: Om bord i båten er det også duka for svelesteiking frå Hindholmen si høgst hemmelege svelerøre.

Enerhaug oppmodar folk som kan vere interesserte i båtturen om å «hive seg rundt».

– Vi har plass til seksti om bord, og no har allereie tretti bestilt plass, varslar Enerhaug som seier at Hindholmen er for alle, unge, gamle, kvinner, menn og born.

Bjarne Enerhaug er ein av ein god arbeidsgjeng i Hindholmens Venner som likar seg svært godt om bord i nostalgikaren Hindholmen. Venneforeininga har som oppgåve å ta seg av det sosiale rundt båten, og å skape engasjement og skaffe medlemmer, i tillegg til å drive med ulike aktivitetar for å skaffe økonomiske midlar for drifta.

Båten er eigd av Stiftinga MS Hindholmen, som er ansvarleg eigar og drivar, denne er styrt av eit styre og ligg i tillegg under Fylkesmannen.

Båten sin føremålsparagraf er at Hindholmens Venner skal jobbe for antikvarisk vern og drift av båten, i tillegg til å jobbe for gode sosiale arrangement i tilknyting til båten.