Retningslinjer for ordførarkjeda

Formannskapet i Ørsta skal tysdag ta stilling til korleis ordførarkjeda skal brukast.

ORdførar: No får ordføraren retningslinjer for ordførarkjeda.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Kommunen har til no ikkje hatt retningslinjer for bruk av kjeda. I tillegg til at det skal brukast med skjøn, har rådmannen laga eit framlegg til regelverk. Der står det kva for samanhengar det skal brukast i, til dømes ved mottakingar, offisielle og høgtidlege besøk til kommunen, ved vigslar, når ordføraren opnar offentlege bygg og anlegg, overrekking av utmerkingar osb.

Det er også lagt opp til ein del «kleskodar», mellom anna at kjeda ikkje skal berast utanpå ytterkle, og at ein må ha smykke og klede tilpassa kjeda. Kjeda skal heller ikkje brukast i ordinære kommunestyremøte, eller i andre kommunar, med mindre det er avtalt med den andre kommunen på førehand.