Ope møte

Klimapsykologen kjem

Lokallaga for Miljøpartiet Dei Grøne i Ørsta og Volda inviterer til ope møte med klimapsykolog, og politikar Per Espen Stoknes.

Klimapsykolog: Per Espen Stoknes kjem til Ivar Aasen-tunet søndag.  Foto: Innsendt

Kandidat: Olav Øyehaug Opsvik, 1. kandidat MDG Ørsta  Foto: degrønne

Nyheiter

Han kjem til Ørsta og Ivar Aasen-tunet for å dele av sin kunnskap om det grøne skiftet, grøn vekst og klimapsykologi.

– Per Espen Stoknes har utmerka seg i ordskiftet om klima- og miljøspørsmål i mange år og i mange ulike roller. I dag er han både førsteamanuensis ved senter for grøn vekst ved Handelshøyskolen BI, vara for Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget og ein svært ettertrakta foredragshaldar for både næringsliv, det offentlege og på ulike publikumsarrangement, skriv Dei Grøne i ei pressemelding.

TED-talk

Arbeidet med hans førre bok, «Det vi tenker på når vi prøver å ikke tenke på global oppvarming», resulterte mellom mykje anna i ei framføring på TED Global. Videoen av TED-talken hans har til no blitt vist for meir enn 2,5 millionar sjåarar på nett.

I møte med publikum i Ørsta og Volda vil Stoknes gjere ein variant av den berømte TED-talken og i tillegg greie ut om det grøne skiftet, og kva alt dette inneber for både næringsliv, politikk og den einskilde.

– Per Espen har gjort seg til ekspert på korleis vi kan snakke om klimakrisa på ein måte som folk kan forstå, seier førstekandidat for MDG Ørsta, Olav Øyehaug Opsvik. Han trur Stoknes vil kunne ta det store klimaspørsmålet ned på jorda og peike på konkrete tiltak i viktige sektorar på Sunnmøre. – Det blir interessant å diskutere kva som er den mest effektive, grøne politikken her på bygda, seier Opsvik.


Psykolog

Stoknes har sitt faglege utgangspunkt som psykolog, og har seinare gjennomført ein doktorgrad i økonomi. Slik har han opparbeida seg kunnskap både om korleis folk forheld seg til klimaspørsmålet og om korleis næringsliv må tilpasse seg og endre seg i møte med klimakrisa.

– Vi gler oss til eit spennande møte med ein dyktig fagperson og politikar. Her har vi alle mykje å lære, seier førstekandidat og leiar for MDG Volda, Øyvind Festø.