Kom og kjøp!

Flinke jenter i Håkonsgata samla inn pengar til Redd barna

Kom og kjøp!: Erika Selbervik Nilsen (8), Ragne Øyehaug (8), Nora (10) og Benjamin Øyehaug Lundqvist (8) og Ingrid Øyehaug Moe. (10)  Foto: Foto: Runa Øyehaug Lundqvist

Nyheiter

Sist torsdag var det stor tilstrøyming av folk i Håkonsgata på Vinjevoll. Ingrid, Nora, Benjamin, Ragne og Erika hadde bestemt seg for å samle inn pengar til Redd Barna. Dei rulla 500 lodd, baka sjokoladekake, muffins, kokte kaffe og laga saft og hadde ordna med godteri til premie.

- Dei sette opp bord med salsplakat, og med ein gong strøymde det til med folk, båda gåande, bilar og naboar, fortel Runa Øyehaug Lundqvist.

Folk var veldig flinke til å kjøpe og alle lodd vart selt ut. Borna samla inn heile 1568 kroner til Redd Barna og pengane gjekk inn på Redd Barna sin konto etter salget.

- Borna takkar så mykje til alle som kjøpte lodd, kaker og kaffe!