Var ein av åtte finalistar

Då HVO måndag trekte seg i konkurransen om å bli «Senter for fremragende utdanning innen journalistikk» var skulen ein av åtte finalistar.

Høgskulen i Volda  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

21 studieinstitusjonar søkte om kvalitetsstempelet, men berre vel ein tredjedel stod att framfor finalerunden. Høgskulen i Volda venta besøk av ekspertkomiteen i september. Komiteen vert leia av professor Stephanie Marshall ved Queen Mary University i London.

Dette melder nettstaden Khrono.no.

Volda sitt prosjekt vart kalla LEAD, og tanken var å starte eit senter som skulle utdanne journalistar som skulle bli ekstra flinke i kampen mot «fake news».

– Meir enn nokon sinne treng vi ei utdanning som hjelper journalistikkstudentar verda over til å ta ei aktiv rolle i kampen mot "fake news" og den veksande mistilliten som dette fører med seg, og til å fullføre journalistikken sin funksjon som formidlar av truverdig informasjon i det demokratiske samfunn, uttalte førsteamanuensis Ana Luisa Sanchez Laws til Høgskulen i Volda sine eigne nettsider i juni.

Sanchez Laws har hatt ei sentral rolle i arbeidet med søknaden, som no altså er trekt. Dermed står sju att i finalen:

CELL - Centre for Experiential Legal Learning, Universitetet i Oslo
COAST - Centre of Excellence in Maritime Simulator Training and Assessment, Universitetet i Sørøst-Norge
iEarth - Centre for Integrated Earth System Science Education, Universitetet i Bergen
IPEX - Centre for Excellence in Interprofessional Education, UiT Norges arktiske universitet
OAS-HIS - Oslo Academy for Studies in International History, Universitetet i Oslo
SHE - Centre for Sustainable Health Care Education, Universitetet i Oslo
SIMeLEARN - Centre of Excellent Simulation and eLearning, Universitetet i Stavanger